XSAMSVAR
Søkjer etter ein verdi i ei eindimensjonal matrise og returnerer den relative plasseringa av elementet.
XSAMSVAR utkonkurer funksjonen SAMSVAR sidan han tillet søk ut frå søkjemodus.
XSAMSVAR(oppslag;matrise [; samsvartype[; søkjemodus]] )
oppslag: Verdien av kva type som helst det skal søkjast etter i matrise.
matrise: er referansen til matrisa eller området det skal søkjast i.
Trefftype: (valfri) spesifiserer samsvarstypen. Verdiar kan vera:
-
0: eksakt samsvar (standard). Viss Slåopp-verdien ikkje vert funne, vert feilen #I/T returnert.
-
-1: forsøk på eksakt samsvar. Viss Slåopp-verdien ikkje finnst, vert det neste, mindre elementet returnert.
-
1: forsøk på eksakt samsvar. Viss Slåopp-verdien ikkje finnst, vert det neste, større elementet returnert.
-
2: eit jokerteikn samsvarar med teikna *, ? og ~ har spesielle tydingar.
-
3: eit treff i eit regulært uttrykk.
Søkjemodus: (valfri) spesifiserer søkjemodusen som skal brukast.
-
1: returnerer den første førekomsten frå det første elementet i Søkjematrisa (standard).
-
-1: omvendt søk. Returnerer den første førekomsten frå det siste elementet i Søkjematrisa.
-
2: binært søk som er avhengig av at Matrise er sortert i stigande rekkjefølgje. Viss ikkje sortert, vert det returnert ugyldige resultat.
-
-2: binært søk som er avhengig av at Matrise er sortert i synkande rekkjefølgje. Viss ikkje sortert, vert det returnert ugyldige resultat.
Verdiane 2 og 3 i Treffmodus kan ikkje kombinerast med binært søk (Søkjemodus verdi 2 eller -2).
Kva som helst av dei valfrie innstillingane kan sløydast. Ei valfri innstillinga krev at alle dei føregåande skiljeteikna er til stades.
Gå ut frå at vi har laga ein liten databasetabell i celleområdet A1:DO4 som inneheld grunnopplysningar om 118 kjemiske element. Den første kolonnen inneheld radoverskriftene «Element», «Symbol», «Atomnummer» og «Relativ atommasse». Dei neste kolonnane inneheld dei relevante opplysningane for kvart element, ordna frå venstre mot høgre etter atomnummer. Cellene B1:B4 inneheld for eksempel «Hydrogen», «H», «1» og «1,008», medan cellene DO1:DO4 inneheld «Oganesson», «Og», «118» og «294».
|
A
|
B
|
C
|
D
|
...
|
DO
|
1
|
Element
|
Hydrogen
|
Helium
|
Lithium
|
...
|
Oganesson
|
2
|
Symbol
|
H
|
He
|
Li
|
...
|
Og
|
3
|
Atomnummer
|
1
|
2
|
3
|
...
|
118
|
4
|
Relativ atommasse
|
1.008
|
4.0026
|
6.94
|
...
|
294
|
=XSAMSVAR("Atomnummer",A1:A4) returnerer 3, den tredje linja i A1:A4-matrida.
=XSAMSVAR("Li",A2:DO2) returnerer 4, den fjerde kolonnen i A2:DO2-matrisa.
Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 24.8.
Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er
COM.MICROSOFT.XMATCH