Startvisinga
Set innstillingane for korleis den første sida i PDF-fila skal visast i ein ekstern PDF-lesar.
Ruter
Berre side
Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser berre sideinnhaldet.
Bokmerkje og side
Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser berre eit bokmerkje og sideinnhaldet.
Miniatyrbilete og side
Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser berre eit miniatyrbilete og sideinnhaldet.
Opna på side
Vel denne for å visa ei bestemt side når lesaren opnar PDF-fila.
Forstørring
Standard
Vel denne for å laga ei PDF-fil som viser sideinnhaldet utan å forstørre det. Viss PDF-lesaren er sett opp til å bruka ei forstørring som standard, vert sida vist med den forstørringa.
Tilpass til vindauget
Merk av for denne for å laga ei PDF-fil som gjer at sida vert forstørra eller forminska for å passa inn i vindauget til PDF-lesaren.
Tilpass til breidda
Merk av for denne for å laga ei PDF-fil som gjer at sida vert forstørra eller forminska for å passa inn i vindauget til PDF-lesaren.
Tilpass til det synleg området
Merk av for denne for å laga ei PDF-fil der tekst og bilete på sida vert forstørra eller forminska for å passa inn i breidda på vindauget til PDF-lesaren.
Skaleringsfaktor
Vel ei bestemt forstørring som skal brukast når PDF-fila vert opna.
Sideoppsett
Standard
Merk av for denne for å laga ei PDF-fil som viser sidene slik PDF-lesaren er sett opp.
Enkeltside
Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser éi side om gongen.
Samanhengande
Vel å laga ei PDF-fil som viser sidene i ei samanhengande loddrett kolonne.
Samanhengande motståande
Merk av denne for å laga ei PDF-fil som vert vist side om side i ein samanhengande kolonne. Ved meir enn to sider, vert den første sida vist til høgre.
Første sida er ei venstreside
Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser sidene side ved side i ein kontinuerleg kolonne. Er det meir enn to sider, vert den første sida vist til venstre. For at denne skal vera tilgjengeleg, må støtte for kompleks tekstutforming (CTL) vera aktivert i språkinnstillingane.