LibreOffice 7.1 Hjelp
Vel eit punktbilete som du vil bruka som fyllbilete, eller legg til ditt eige bilete.
Listar ut dei tilgjengelege punktbileta. Du kan også importera punktbilete.
Du kan endra namnet på eit punktbilete ved å merkja biletet, høgreklikka og velja
. Du kan sletta eit punktbilete ved å merkja det, høgreklikka og velja .Finn biletet som du vil importera og trykk Opna. Biletet vert lagt til i botnen av lista over mønster.
Importerte punktbilete vert lagra i brukarprofilen din slik at dei også kan brukast i andre dokument.
Flislagt: Fyller området med punktbiletet som fliser.
Strekt: Strekkjer biletet slik at det fyller objektområdet.
Tilpass plassering/storleik: Tilpass punktbiletet både på storleik og plassering i objektområdet.
Storleik på flisene og tilpassa storleik.
Breidd: Breidda på flisene eller tilpassa storleik.
Høgd: Høgda på flisene eller tilpassa storleik.
Skaler: Gjer at du kan setja høgd og breidd på flisene relativt til originalstorleiken.
Vel kvar punktbiletet skal forankrast inne i objektområdet.
X-forskyving: Set den vassrette forskyvinga av biletet i høve til forankringspunktet.
Y-forskyving: Set den loddrette forskyvinga av biletet i høve til forankringspunktet.
Vel forskyvinga av flisene i rader eller kolonnar. Bruk talknappen for å setja forskyvinga.