LibreOffice 7.2 Hjelp
Rediger-menyen i eit databasevindauge.
Kopier det valde objektet til utklippstavla.
Limer inn eit element frå utklippstavla. Du kan lima inn skjema og rapportar, med undermapper, frå ein database til ein annan.
Limer inn eit element frå utklippstavla. Du kan lima inn skjema og rapportar, med undermapper, frå ein database til ein annan.
Vel alle oppføringane, med undermapper, i den nedre delen av databasevindauget.
Opnar eit vindauge der du kan redigera den valde tabellen, spørjinga, skjemaet eller rapporten.
Slettar den merkte tabellen, spørjinga, rapporten eller det merkte skjemaet.
Gjev nytt namn til det valde objektet. Avhengig av databasen kan nokre namn, teikn og namnelengder vera ugyldige.
Opnar det valde objektet i den sist lagra tilstanden.
Gjer om den valde spørjinga til ei vising. Den opphavlege spørjinga vert verande i databasefila og det nye utsnittet vert lagra på databasetenaren. Du må ha skriverettar i databasen for å leggja til eit utsnitt.
Dei fleste databasar brukar spørjinger for å filtrera eller sortera databasetabellar for å visa oppføringar på datamaskina di. Visingar har den same funksjonaliteten som spørjingar, men på tenarsida. Viss databasen din er på ein tenar som støttar visingar, kan du bruka visingar til å filtrera oppføringar på tenaren for å gjera visingstida kortare.
Start skjemavegvisaren for den valde tabellen, spørjinga eller utsnittet.
Start rapportvegvisaren for den valde tabellen, spørjinga eller utsnittet.
Opnar ein undermeny.
Opnar dialogvindauget for databaseeigenskapar.
Opnar tilkoplingsvegvisaren.
Opnar dialogvindauget for avanserte eigenskapar.