LibreOffice 7.2 Hjelp
Set tryggingsrelaterte innstillingar og åtvaringar om gøymd informasjon i dokument.
Trykk knappen Innstillingar på sida Tryggleik.
Dialogvindauget «Tryggleiksval og åtvaringar» inneheld desse vala:
Vel å sjå ei åtvaring når du prøver å lagra eller senda eit dokument som inneheld registrerte endringar, versjonar eller merknadar.
Vel å sjå ei åtvaring når du prøver å skriva ut eit dokument som inneheld registrerte endringar eller merknadar.
Vel å sjå ei åtvaring når du prøver å signera eit dokument som inneheld registrerte endringar, versjonar, felt, referansar til andre kjelder (for eksempel lenkja bolkar eller lenkja bilete) eller merknadar.
Vel å sjå ei åtvaring når du prøver å eksportera i PDF-format som viser registrerte endringar i Writer eller som viser merknadar.
Vel å alltid fjerna brukarinformasjon frå fileigenskapane. Dersom dette valet ikkje er slått på, kan du likevel fjerna personleg informasjon frå det gjeldande dokumentet ved hjelp av knappen Tilbakestill påFil → Eigenskapar → Generelt
Vel dette om du vil at alternativet Lagra med passord i dialogvindauget for lagring av filer skal vera merkt av som standard. Fjern avmerkinga for å lagra utan passord.
Viss denne er slått på, må du halda nede tasten KommandoCtrl medan du klikkar på hyperlenkja for å opna ho. Viss avslått, opnar du lenkja med eit klikk.
Blokkerer bruk av lenkjer til bilete som ikkje er frå stadar du stolar på definert i fana Tiltrudde kjelder i dialogvindauget for makrotryggleik. Dette kan auka tryggleiken viss du arbeider med dokument frå kjelder som ikkje er tiltrudde (f.eks. Internett) og er uroa over svikt i einskilde komponentar i bilethandsamaren. Blokkering av lenkjer gjer at bilete ikkje vert lasta inn i dokumentet, berre ramma for plasshaldaren vert vist.