LibreOffice 7.3 Hjelp
Konverterer ei streng-samanlikning eller ei numerisk samanlikning til eit Boolsk uttrykk, eller konverterer eit enkelt numerisk uttrykk til eit Boolsk uttrykk.
CBool (Uttrykk1 {= | <> | < | > | <= | >=} Uttrykk2) eller CBool (Tal)
Bool
Uttrykk1, Uttrykk2: Strenguttrykk eller numeriske uttrykk som du vil samanlikna. Viss uttrykka passar saman, vil CBool-funksjonen returnera True, elles False.
Tal: Eit numerisk uttrykk du vil omforma. Viss uttrykket er lik 0, vert False returnert elles True.
I eksempelet nedanfor vert funksjonen CBool brukt for å evaluera verdien som er gjeve tilbake frå funksjonen Instr. Funksjonen ser etter om ordet «og» finst i setninga vart skrive inn.
Sub ExampleCBool
Dim sText As String
sText = InputBox("Skriv inn ei kort setning:")
' kontrollerer om ordet «og» finst i setninga.
' I staden for kommandolinja
' If Instr(Input, "og")<>0 Then...
' vert CBool-funksjonen brukt slik:
If CBool(Instr(sText, "og")) Then
MsgBox "Ordet «og» finst i setninga du skreiv inn."
EndIf
End Sub